Han smagte døden for alle
Ludvig Hope - "På Fjellgrunn"
Då Jesus hadde fått
ediken, sa han: Det er fulIført! og han bøygde hovudet og gav ånda si
over til Gud. Joh.19,30.
Fiende-ringen dreg seg tettare og
tettare i hop om Jesus.
Han har no kjempa ut den indre kampen og
gitt seg
heilt inn under Guds vilje. Den indre sjelebyrda, som tyngde han ned
mot døden, har han kasta av seg og går med faste steg til verket som
ligg framføre han.
Spaklynd og roleg tek han imot
dødskyssen av Judas og går viljug med krigsfolket som skulle fanga han.
Han bad ikkje om tolv herar med englar,
som kan
berga han ut or dødsens klo. Han har gjort Guds vilje til sin og går
roleg som eit lam til Golgata.
Sjå der Guds lam kjem
gangande!
stilt fer han fram på ferda,
sjå over honom hangande
all synd og skyld iverda!
Til offerstaden vegen ber,
han seier: no eg ferdig er
for Adams ætt å strida.
Dei syner kross og pinsle fram,
han svarar: gjerne, sår og skam
eg viljug er å lida.
Det er eit ord i Hebrear-brevet som eg
vil ta fram
her. Eg trur det kan hjelpa oss til å få eit klårare syn på Jesus og
det han gjorde langfredag. Det står:
Men
den som var gjord lite lægre enn englane, Jesus, han ser me, av di han
leid døden, krynt med herlegdom og ære, så han ved Guds nåde skulle
smaka døden for alle. Hebr.2,9.
Men før me prøver å sjå hans døds-ferd,
vil me
stansa lite grann ved han sjølv. Me veit så lite om kven han er, og det
vesle me veit, gløymer me så lett.
Han er annieis enn alle andre i himmelen
og på
jorda. Han er Gud, og likevel ulik Gud. Han er menneske, og likevel
ulik mennesket. Han er den som me menneske minst av alt kan forstå.
Tanken kan på eit vis slå seg til tols
med at det er
ein Gud. Både mellom kristne, jødar og heidningar er det rom for han.
Men Jesus Kristus? - nei, han er det ikkje plass for nokon stad - hadde
eg nær sagt. Det vil seia: tanken, mannevitet kan ikkje med han. Han er
den uskjønlegaste av alt uskjønleg. Han er likså hata som han er elska,
han støyter ifrå likså sterkt som han dreg til, han er fjellet midt i
fossen, han er gåta over alle gåter, han er lyset midt i mørket.
«Den
som fell på han, skal slå seg sund, men den som han fell på, skal
smuldrast til dust.» Matt.21,44.
I Guds ord har Jesus fått mange namn, og
alle desse
namn er uttrykk for det han er i seg sjølv og det han er for oss. Han
svarar til alle sine namn både i seg sjølv og i sitt verk.
Men av alle namn han ber, er det eitt
som han synest elska framfor alle andre. Det er Menneske-sonen.
Som eit barn stundom ikkje vert trøytt
av å syna
fram det det har fått av far og mor, synest Jesus aldri trøytna av å
nemna seg sjølv med dette namn. Eit underleg namn! - - For oss skulle
det vera det kjæraste namn som rørde vår tunge og rakk vårt
øyra.
Høyr nokre ord frå Bibelen, der han
nemner seg sjølv med dette namnet:
«Menneskesonen har ikkje noko å leggja hovudet sitt på.»
«Kven seier folk at Menneskesonen er?»
«Menneskesonen har makt til å forlata synder.»
«Menneskesonen skal koma i sin Faders herlegdom.»
«De må ikkje tala til nokon om synet de har sett, før Menneskesonen har
stått opp frå dei døde.»
«Men eg seier dykk: Beretter skal de sjå Menneskesonen sitjande ved
høgre handa til kongen i det høge og koma i hirnmelskyene.»
«Menneskesonen er komen for å søkja og frelsa det som var fortapt.»
«Liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen
lyftast opp.»
«Og han har gitt han makt til å halda dom, for di han er
Menneskesonen.»
«Når de får opphøgt Menneskesonen, då skal de kjenna at eg er han.»
«Timen er komen at Menneskesonen skal herleggjerast. - - No er
Menneskesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i han.»
Då steinane hagla om Stefanus og
himmelen opna seg
for han og andletet hans lyste som ei sol, ropa han ut: «Eg ser
Menneskesonen standande ved Guds høgre handl --»
Då Daniel i synet sitt ser enden på
denne tidsalder og solrenninga til den tida me ventar på, seier han:
«Sidan
fekk eg sjå i nattesynene, korleis ein som likna ein menneskeson, kom
med himmelskyene; han gjekk bort til den gamle og vart førd fram for
han. Og han fekk velde og ære og rike, så alle folk og ætter og
tungemål skulle tena han. Hans velde er eit evig velde, som
ikkje
skal verta teke ifrå han, og riket hans skal ikkje rikkast.»
Her er mange fleire ord i Bibelen som
ber bod om det
same namnet, men dette får vera nok her. Lat oss så også bita merke i
at det står Menneskesonen. Ikkje em av sønene, men den eine, vår san,
sonen til ætta.
Og på same vis som han er Menneskesanen,
er han også Guds-sonen.
I han er Gud, i han er mennesket. I han
er eg, i han
er du. Der, i denne underlege mann, i dette under over alle under,
møtest Gud og menneske att.
Lat dette frelse-under lysa for din
tanke og trøysta ditt hjarta.
Men nettopp for di han er vår son, er
han også fødd
med vårt ansvar og vår dom. Heile den skuldige menneske-ætta står for
Gud i han. Som me er skuldige i den første Adam, er den andre Adam
skuldig for oss.
Menneske-sonen!
I han får me døra opp att ut frå synda,
domen,
straffa, døden og helvete, for di han leid døden og smakte døden for
alle.
O byrde, som på deg var
kast,
all verdens skam og last!
Så sank du ii vår jammer ned
så dypt som ingen vet.
Desse to ord: lida døden og smaka døden, skal syna oss at Jesu liding
var lang og pinefull. A smaka døden er meir enn å døy. Den som får ei
kula i panna, han døyr, men smakar ikkje døden. Men den som lever og
lid dødskval utan å få døy, han smakar døden. Han drikk dødsskåla ut
til
botnen.
Som du og eg var skuldige til å smaka
døden til evig tid utan å
få døy, måtte Jesus lida den evige død for alle. Døden er
forbanning over det liv som har brote livslovene. lnn under denne
forbanning gjekk Jesus og vart ei forbanning for oss. Då han låg
mellom trea i hagen og sveitten fall som blodsdropar på jorda, då ropa
han: «Hjarta mitt er så fullt av sorg - det er som det ville bresta!»
Kor langt var det att til døden då?
Eg trur at om ikkje ein engel frå
himmelen hadde kome og gitt han kraft, så ville hjarta hans ha broste
der i hagen. Men han skulle ikkje døy då, han skulle berre smaka døden.
Satan freistar han gjennom ein av hans
beste vener, og han vert seld
til døden av sine eigne. Ei knust sjel under angest, og ein sundslegen
kropp under piskeslag. Han som ber alle ting ved sitt ord, han sig i
kne under korset av blodtap og vanmakt.
I dette dødsens fangtak møter
han all Satans makt, all synd i verda og Guds rettferdige krav.
Herren
fann hugnad i å knusa han. Himmelen vart stengd og helvete opna. Han
som frå æveleg tid hadde leika for Guds åsyn og alltid sagt «far», han
ropar no ut si grenselause sorg og kvide: «Min Gud, min Gud, kvi har du
forlate meg?»
Han er som ein orm og ikkje som ein
mann.
Hvem kan tenke
på den smerte
uten med et såret hjerte,
om endog en synder led!
Men her
led den evig høye,
smelt mitt hjerte, gråt mitt øye
akk, her lider
hellighet.
Han smakte døden for alle - ja, han smakte døden av - Guds
nåde.
Det er Guds nåde som møter oss på denne
måten. Ikkje ved
at Gud synest synd i oss og gir oss nåde, men ved at Jesus lid og
smakar døden for alle.
Dette er ikkje rasjonalist-guden. Dette
er ein
hellig og rettferdig Gud, som krev dom og straff over synda. Dette er
han som går i døden for å kjøpa oss fri og løysa oss ut med sitt blod.
Guds nåde vert gitt oss ved at Jesus smakar døden for alle.
Men lat oss
no framfor alt ikkje kløyva Gud i to for tanken og trua. Det er ikkje
så at her er ein Gud som krev og ein som gir. Det er den same Gud som
både krev og er i Kristus og utsonar verda med seg sjølv.
Han krev og
han gir gjennom Jesus Kristus, vår Herre. Og denne Jesus Kristus er
Menneske-sonen og Gudssonen.
Gud var i Kristus og utsona verda med
seg
sjølv, så han ikkje tilrekna dei syndene deira. Dei vart tilrekna
Kristus, og han vart gjord til synd for oss.
I sitt kjøt - hugs det: i
sitt kjøt, i sitt menneskevære - avlyste han den lova som kom med bod
og føreskrifter (
Ef.2,15
) og strauk ut det skuldbrevet som var imot
oss, det som var skrive med blod, det tok han bort då han nagla det til
korset (
Kol.2,14
).
Meg arme barn å få til brud,
derfor korsfestes
himlens Gud.
Ufattelige kjærlighet
som englene selv undres ved.
Du gikk
for meg en blodig sti,
og jeg som skyldig var slapp fri.
Guds vredes
skål du tømte ut,
så dyrekjøpt er jeg din brud.
«Difor, liksom ein
manns fall vart til fordøming for alle menneske, så vart og
ein
manns rettferdige gjerningar til livsens rettferdiggjering for alle
menneske. For liksom dei mange vart syndarar ved at det eine menneske
var ulydig, så skal og dei mange verta rettferdige ved at den eine var
lydig.» Rom.5,18-19
.
Det som vart øydelagt av den første
Adam, er no
sett i stand att av den andre Adam. No er gjerdet nedbrote, og engelen
som stengde porten til paradiset, er teken bort. Kristus har ordna vår
sak for Gud.
Det er fullført!
Alle som no vil koma og gripa i trua det
Kristus har gjort og er for oss, dei står for Gud i Kristus som dei
aldri hadde synda. Det er den store trøysta som langfredag gir oss
menneske.
Skjønt Adams fall i hvert
et lem jeg kjenner,
av «kvinnens
sæd» det alt opprettet ble;
skjønt syndens gift samvlittigheten
brenner,
til korsets tre er festet syndens brev.
Så er jeg frikjøpt!
ingen dom meg feller,
ti Jesus løste meg, pris være ham!
Hans dyre blod
langt mer enn synden gjelder,
hans frelsesverk det dekker over alt.
Så
elska Gud verda!
(Fra "På
Fjellgrunn" af Ludvig Hope - Lundes forlag - Shafan 15-03-08)