skrevet
Shafan
Dette siger Herren:
" ... spørg efter de gamle stier .. "
Jer.6,16

Davids rike nåde
Av Ole Andreas Meling -   Bibelsk Tro - nr.4/2009

“Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal sjela dykkar leva. Og eg vil gjera ei evig pakt med dykk, og gje dykk Davids rike nåde, den usvikelege.” Jes 55,3

Her er eit ord til deg som kan så mykje. Du veit at Jesus døydde på eit kors for å ta bort våre synder, du veit at vi ikkje blir rettferdige ved eigne gjerningar. Du veit også at denne bodskapen føder på ny og gjev kraft til eit heilagt liv. Du har gjerne halde mange andaktar om dette også. Spør nokon deg om du trur det, så er du ikkje i det minste tvil om kva du skal svare. Du trur det, og har trudd det i mange år. Men du mangler gleda og krafta. Synda har så sterk makt i livet og du lengtar ikkje etter å høyre bodskapen. Dette anklagar deg! Og når denne kunnskapen som du kan så godt, ikkje lenger gjev deg noko glede, så veit du også at ingenting anna kan hjelpe. Kva gjer eg då?

Svaret gjev Jesaja. Akkurat du skal vende deg til Jesus. Det vil seie: Vend øyra til han. Kva vil han deg? Han vil gje deg Davids rike nåde. Den same nåde som David kunne glede seg over ved sin dødsdag og seie: “Han har då gjort ei pakt med meg, i alle delar ordna og tryggja, all mi frelse og alt godt” 2 Sam 23,5. Det er ikkje si glede eller kraft David gledar seg over, men at Gud lover å ordne heile frelsa hans. Tenk ikkje du heller på verken glede eller kraft akkuat nå. Dette har så lett for å ta merksemda bort frå bodskapen. Då blir det slik at du kan bodskapen, men du et ikkje! Du får ikkje tru deg frelst lenger!

Høyr difor nøye etter kva vegen til livet er for deg. Det er nemlig den same som du gjekk første gong du kom til liv i Gud. Det er også den same som kvar uverdig syndar som har gått frå døden til livet har gått. Men du finn han ikkje ved å gjere noko eller vente på noko. Du finn han ved å høyre noko! Høyr, så skal sjela di leva! Kva skal du høyre? At Gud vil gjere ei pakt med deg – det vil seie at han vil love deg noko. Han vil gje deg Davids rike nåde, den usvikelege! Den gjev han heilt fritt og gratis – til alle som vender seg til han for å få livet. Ein slik er du! Les Bibelverset igjen – høyr det, tru det og takk din gode Gud!

(Bibelsk Tro nr.4-2009) - Shafan 23-06-09
Bibeltekster / henvisninger er hentet fra den autoriserede oversættelse, © Det Danske Bibelselskab 1992 BibelenOnline - Det danske Bibelselskab



Webmaster, Andreas Michelsen

Forside: www.shafan.dk skrevet