Den rike mannen og Lasarus
Menneska strevar etter å blande lys og mørke.
Gud skiljer desse. Det første som slår ein når
ein les denne forteljinga, er at den rike mannen
fekk oppleve at Guds ord var sant. Det er eit
enten eller i æva, evig liv eller evig fortaping.
Dette skillet er evig, uigjekalleleleg og endeleg.
Dernest taler det om Guds ubegripelege kjærleik,
der Han satsa alt som var mogeleg for å
berge den rike mannen. Han let det tilflyte
han alle dei materielle godene for om mogleg
Guds godheit skulle drive han til omvending.
Han fekk sitt gode her, men det var heilt utan
verknad kva som vedkom hans evige ve og vel.
Denne forteljinga har også ei djup åndeleg side.
Han levde nemleg på det
han ikkje kunne døy
på. Det såg ut til at han var ein slag truande som
folk flest rekna med. Han kalla Abraham for far
og fekk kvittert “son min”. Kvifor gjekk han så
fortapt? Han levde i fest og glede kvar dag i sitt
gudstilhøve. I overflod. Og han vanta ingenting,
nett som i Laodikea-kyrkjelyden. Han vraka den
«maten» som tala om nåden og sanninga. Desse
smulane var det Lasarus stunde etter å metta
seg med. Nåden og sanninga var borte frå den
maten den rike åt opp. Det kunne gjerne vera på
bordet, men det skulle ikkje etast. Han opplevde
rikdom og overflod, men var likevel fattig. Han
trudde livet skulle fortsetje i æva slik det var i
tida. Difor bad han om ein drope av det som var
maten hans her i tida. Det kunne han ikkje få, for
det var ikkje meir til.
Lasarus derimot opplevde fattigdom og
tiggarlivet her, ein god type på ein sann kristen.
Ein eig ingenting, men må leva på nåde. Han
levde av det den rike vraka. Sanninga veit
at eg er naken og fattig i meg sjølv. Eg treng
bare sanninga, og då kjem nåden i saman med
sanniga. Desse kan ikkje skiljast. Dei er ein
person, Jesus Kristus. Då er eg rik midt i min
åndelege fattigdom. Han levde på heile Guds
ord. Dette å vraka sanninga i den åndelege maten
ein et, er forherdane. Og det varer ved like inn i
æva. Den rike mannen hadde ikkje tru på Guds
ord som frelsesmiddel for brørne sine. Et heile
Guds ord, så et ordet deg. Det nye livet veks, det
gamle livet visnar og døyr. Når Jesus vert vårt
liv på sanningsgrunn, har me det evige livet som
endar i Abrahams fang. Då vert eg evig frelst og
løyst.
Korleis er det? Lever du på nåden og
sanninga?
Den enda som bär,
när allting annat vacklar,
det är Guds nåd och Guds barmhärtighet.
All jordisk berömmelse och glans den slocknar,
när sist jag står hos Gud i härlighet.
Kor: Det enda jag vet, det är att nåden räcker,
att Kristi blod min synd, min skuld betäcker.
Det enda jag har att lita till engång,
det är Guds nåd, Guds gränslösa nåd. |