Høyr
Herrens ord !
Dag Rune Lid -
Norsk Luthersk Lekmannsmisjon
( 09.05.2001)
Profeten Jeremia ropar slik til sine landsmenn og sitt fedreland. (Jer
22:29) Jeremia tala til eit folk som hadde falle frå Herren. Men dei
ville ikkje erkjenne det som fråfall. Dei ville vere Guds folk, men
utan omvending og oppgjer med synd.
Elska
folket sitt
Jeremia var eitt med folket og lei
under at dei ikkje ville lytta til Guds ord. Han såg at dei levde i
sjølvbedrag og vart forførte av sjelefienden. Likevel ville dei ikkje
høyre når han åtvara dei mot avgrunnen som låg framfor.
Kva var så Jeremia sitt oppdrag? «Sjå, i dag
set eg deg over folka og rika til å rykkja opp og riva ned, til å
øydeleggja og bryta ned, til å byggja og til å planta.» (Jer 1:10)
Her er det nemnt fire uttrykk som omtalar det
nedbrytande verk (lova), og to uttrykk som omtalar det byggjande
(evangeliet).
Skulle det vere von om berging måtte folket inn
for Guds ansikt og høyre Guds heilage lov. Det hadde vore mykje enklare
å forkynne fred, fred og ingen fare, slik dei falske profetane gjorde.
Men å forkynne dom over synd og falsk gudsdyrking, det var å rykkje opp
og bryte ned det som folket ville bevare.
Når Gud skal summere opp stoda for folket seier
han: «Dette er det folket som ikkje har høyrt på røysta til Herren sin
Gud og ikkje teke mot tukt.» (Jer 7:28) Dei falske profetane og deira
forkynning hadde inngang, men ikkje dei som forkynte Sanninga - Guds
Ord. Difor rammar domen. Det ytre historiske fangenskap i Babylon kom
heilt tydleg som ei straff frå Herren på den åndelege forherdinga.
Vekking
utan omvending
Under kong Josia, som levde
samstundes med Jeremia, vart det ei stor vekking i Juda. Det var mykje
positivt og fint som skjedde. Ein skulle tru at no vende Herrens
brennande vreide seg, men kva skjer?
Det ser ut for at denne vekkinga berre gjekk på
det ytre plan. Folket blei rivne med i ein kjenslerus, men samvitet kom
ikkje inn i vekkinga. Det vart berre ein ytre tilslutning som ikkje
førte til frelse og nytt liv. Me ser klare parallellar til dette i vår
tid. Store skarar kan samlast i Jesu namn, men likevel ser det ikkje ut
for at dei får eit møte men Den Heilage Gud til frelse frå synd. Folket
på Jeremia si tid blei religiøse, opptekne av Gud og dei åndelege
dimensjonar. Dei bestemte seg for å gå på Guds vegar, men samvitet var
urørt – og det blei ikkje behov for nåde og frelse.
Når Jeremia kjem med si klare og bibelske
domsforkynning – kva skjer då? Jau, då reiser folket seg i vreide og
protest mot Jeremia. På den eine sida stod Jeremia overfor eit folk som
var ført inn i ei frykteleg avgudsdyrking gjennom 70 år, og på den
andre sida ei vekking som ikkje tok oppgjer med synd og falsk
gudsdyrking. Når Herren sjølv skal skildre denne forkynninga så seier
han: «Lettvint lækjer dei skaden i folket mitt, når dei seier: Fred!
Fred! Og det er ingen fred.» (Jer. 6.14) Det blei vekking utan
omvending, og ikkje det som bibelen omtalar som vekking d.v.s.
samvitsvekking.
Misjonær Asbjørn Aavik skreiv for mange år
sidan: «Nettopp her tror jeg vi forkynnere synder i dag – både mot Gud
og våre tilhørere: I stedet for å begynne med å skjære opp byllen, åpne
dypt innover mot den innerste skaden, tar vi til å forkynne evangeliet
for disse eller den som er på vei til å dø. Vi bruker evangeliets
balsam på byllen i stedet for først å åpenbare den med Ordets skarpe,
tveeggede sverd som trenger gjennom… dømmer! og vi reiser fra byen og
til andre bygder uten at noen er stått opp fra de døde.»
Det er enno meir aktuelt i dag!
-
Me er frelste
«.... så kjem de og stig fram for mitt åsyn i dette huset
som er kalla med mitt namn, og seier: Me er frelste! – og så vil de
framleis gjera alt dette avskyelege!» (Jer 7:10) Bibelen vitnar om at
der mennesket blir frelst og født på ny, der kan ein ikkje lenger leva
i synda. Likevel var ikkje folket me her høyrer om, i tvil om at dei
var frelste. Dei gjekk i Guds hus og rekna seg mellom Guds folk. Dei
var slike som seier: «Eg er rik, og har overflod og vantar ingen ting,»
men som Jesus seier om at «du er arm og ynkeleg og fattig og blind og
naken» ( Op 3:17)
Bibelen vitnar om at det går
an å leve i sjølvbedrag sjølv om ein han namn av å leve. Hos ein
kristen møter ikkje djevelen opp som ei brølande løve, men som ein
ljosengel og set alt inn på å bortforklare synda – i tankar, ord og
gjerningar. For djevelen veit at får synda rom då må Den Heilage Ande
vike, og får ikkje Anden lenger gjere sin gjerning og overbevise om
synd (Joh 16:8), då er fråfallet ein realitet.
Folket blei rasande på Jeremia og nokon ville
til og med drepe han, enno han kom med bod om berging og frelse. Få
profetar i GT liknar slik på Jesus som nettopp Jeremia. Korleis trur du
reaksjonen hadde vorte om Jeremia hadde stått fram i norske
forsamlingar og ropa ut bodskapen sin i dag?
Ein
smertefull veg
Professor Carl Fr. Wisløff seier:
«Vi ser verdslighet og falsk gudsdyrkelse, vrang lærdom og mye
forførelse, så sukker vi: Akk – om Herren ville sende oss en sann
profet, så måtte vel folket høre... Hva mener du om profeten Jeremia?
Det var vel en åndsfylt Herrens mann, som folket ville høre? Men så
vidt jeg kan se i min Bibel, var det praktisk talt ingen som hørte på
Jeremia i hele hans levetid. Det var kun en sammenhengende nød – fordi
han vitnet om Herrens sannhet – men folket ville ikke høre.»
Jeremia sin veg blei smertefull, ikkje berre på
grunn av ytre mishandling. Nei, den indre lidinga var nok den tyngste.
Han lei under ei dobbel smerte: Han kjende seg som ein av folket, og
det smerta han å måtte uttala så sterke straffedomar over sitt eige
folk Israel. Han ser straffedomen som skal koma, men dei tek ikkje imot
åtvaringane.
Hadde
bodskapen verknad?
Me kan spørje om Jeremia si forkynning hadde noko verknad i
folket? Det hadde ho, Guds ord har alltid ein verknad – anten til
frelse og liv eller forherding og dom. Mange av dei som vart bortførte
til Babel fekk oppleve at Jeremia hadde rett. No såg dei at Guds ord i
Jeremias munn var sanning.
Daniel er ein av dei
i Babel som Herren får tale til og han seier: «Vi har synda og bore oss
ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og
lovene dine.» (Dan 9:5) Den fromme Daniel erkjenner: ME har synda.
I Kåre Ekroll si bok om Øivind Andersen seier
Andersen i samanheng med det Daniel her opplever: «Det er vi som
bekjenner oss som kristne, som har veket av fra Guds bud og forskrifter
i en meget betydelig grad. Og vi erkjenner det ikke som synd. Hva tror
du kommer til å hende om vi som kristne kommer i nød med oss selv og
begynner å be som Daniel ba? Da kommer det til å hende som hendte på
Daniels tid.»
Lov og evangelium
Gjennom forkynninga av lov og dom
vert mennesket audmjuka og skuldig for Gud. For den skuldige lyder ein
himmelsk trøystebodskap. «Trøysta, trøysta folket mitt! seier dykkar
Gud. Tal venleg til Jerusalem og rop til henne at striden hennar er
enda, at skulda hennar er betalt, at ho av Herrens hand har fått
dobbelt for alle syndene sine.» (Jes 40:1f)
Slik er Guds ord. Det legg ikkje skjul på
synda, men for syndaren tonar evangeliet fram på forunderleg vis: «Du
har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med
misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane
dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.» (Jes 43:24-25)
I evangeliet får syndaren trøyst og utløysing: «Ver ikkje redd! Eg har
løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min.» (Jes 43:1)
Store ting har Herren gjort!
Når Herren får openberra frelsa for syndaren vert alt snudd
opp ned. Bønemøte på bedehuset som ein før ringakta, blir no min
kjæraste plass. Samfunnet av dei heilage som eg før ikkje forstod, blir
ein åndeleg heim der eg får åndeleg næring av Ordet. Jesu død som eg
såg som det største nederlag, blir den største siger som er vunnen – og
størst av alt: Han gjeld også for meg!
Ja, i
sanning har Herren gjort store ting for meg!
No er det lovsong og takk i hjarta for den frelse som Herren har gjort
ferdig. No blir ikkje Herrens vegar tunge. No har eg fått eit nytt sinn
som elskar Guds lov. No blir det naud for at sjeler må bergast for
himmelen. Sjå alt har vorte nytt!
«Høyr, så skal dykkar sjel leva!» (Jes 53:3)
Det er ditt forhold til Guds ord som avgjer di framtid. Det er eit ord
til dom for den som ikkje vil høyre – og ein bodskap om frelse, fred og
fridom for den som lyttar til det!
Land! Land! Land! Høyr Herrens ord!
Av Dag Rune Lid, Norheimsund